We Write the Story Singel av Avicii & B&B & Choir | ||
Land | Sverige | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 18. mai 2013 | |
Innspelt | April 2013 | |
Sjanger | elektronisk musikk | |
Komponist | Avicii | |
Låtskrivar(ar) | Björn Ulvaeus, Benny Andersson og Avicii |
---|
«We Write the Story» er ein song skriven av dei svenske tidlegare ABBA-medlemmane Björn Ulvaeus og Benny Andersson og den svenske DJ-en og plateprodusenten Avicii. Kven som framførte songen er ikkje kjend, men på iTunes står «Avicii & B&B & Choir» oppført som artist. Songen var hymnen til Eurovision Song Contest 2013, og vart framført for fyrste gong under finalen 18. mai 2013.