Welcome to My Nightmare Studioalbum av Alice Cooper | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1975 | |
Innspelt | Soundstage, Toronto; Plant East, Electric Lady og A&R Studios, New York, 1974-1975 | |
Sjanger | Rock, hardrock, kunstrock | |
Lengd | 43:19 | |
Selskap | Atlantic (US) Anchor/ABC (UK) | |
Produsent | Bob Ezrin | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Alice Cooper-kronologi | ||
Greatest Hits (1974) |
Welcome to My Nightmare | Alice Cooper Goes to Hell (1976)
|
Welcome to My Nightmare er det åttande albumet til Alice Cooper, gjeven ut i 1975. Dette var det første albumet til Alice Cooper som soloartist (alle dei tidlegare Alice Cooper-albuma var gjeven ut som eit band). Plateomslaget var laga av Drew Struzan for Pacific Eye & Ear. Rolling Stone rangerte det seeinare som eit av dei 100 beste plateomslaga gjennom tidene.[4]
Welcome to My Nightmare er eit konseptalbum. Songane, høyrt i rekkefølgje, dannar ei reise gjennom mareritta til eit barn kalla Steven. Welcome to My Nightmare inspirerte fjernsynsserien Alice Cooper: The Nightmare og ein verdsomfattande konsertturne i 1975, samt konsertfilmen Welcome To My Nightmare i 1976.
Songen «Welcome to my Nightmare» er ein parodi på romanen «There's a Nightmare in My Closet» av Mercer Mayer frå 1968.
Den kjende filmskodespelaren frå skrekksjangeren, Vincent Price, held monologen i starten av songen «The Black Widow».
Den nymastra CD-versjonen hadde tre songar som bonusspor.
I 2011 gav Alice Cooper ut oppfølgjaren Welcome 2 My Nightmare.