Western Bay of Plenty District

Western Bay of Plenty District
Land  New Zealand
Areal 2 120,675 km²
Folketal 51 321 (6. mars 2018)[1]
Kart
Western Bay of Plenty District
37°47′24″S 176°00′14″E / 37.79°S 176.004°E / -37.79; 176.004
Kart som viser Western Bay of Plenty District.
Kart som viser Western Bay of Plenty District.
Kart som viser Western Bay of Plenty District.

Western Bay of Plenty District Council er eit distrikt i regionen Bay of PlentyNew Zealand. Administrasjonssenteret til distriktet ligg i Greerton i Tauranga City (som er eit eige område, og som ikkje ligg i distriktet). Distriktet omkransar Tauranga City, og omfattar Matakana Island, ved innløpet til Tauranga Harbour.

Distriktet vart til etter lokalstyrereformene i 1989 der dei gamle områda Tauranga County og Te Puke Borough vart slegne saman med mindre grensejusteringar. Dei største endringane var i nordaust, der Waihi Beach vart overført til distriktet frå det gamle Ohinemuri County, og i nærleiken av Tauranga City, der noko av omlandet som tidlegare hadde høyrt til landdistriktet, vart overført til byen.

Distriktet er delt inn i fem wards (som mellom anna tener som valkrinsar ved val til distriktsstyret), desse er Waihi Beach, Katikati, Kaimai, Te Puke og Maketu.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8277.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne