What's Love Got to Do with It Singel av Tina Turner frå albumet Private Dancer | ||
B-side |
«Don't Rush the Good Things» (UK) «Rock and Roll Widow» (US) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. juni 1984 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Pop, R&B | |
Lengd | 3:48 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Graham Lyle, Terry Britten | |
Tekstforfattar | Terry Britten, Graham Lyle | |
Låtskrivar(ar) | Terry Britten, Graham Lyle | |
Produsent | Terry Britten | |
Tina Turner-kronologi | ||
«Help!» (1984) |
What's Love Got to Do with It | «Better Be Good to Me» (1984)
|
«What's Love Got to Do with It» er ein song spelt inn av den amerikanske songaren Tina Turner og gjeve ut i 1984. Songen vart henta frå det femte soloalbumet hennar, Private Dancer og vart den mest suksessrike singelen hennar.
Sjølv om Turner alt hadde hatt hittar på britiske topp 10 og amerikanske topp 30 nokre månader tidlegare med utgåva hennar av «Let's Stay Together», vart «What's Love Got To Do With It» den første og einaste songen hennar som nådde toppen av singellista i USA. Songen er rangert på 309. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han vart òg rangert på 38. plassn på lista Songs of the Century. Han var den 17. mestseljande singelen i Storbritannia i 1984. I 1993 vart songtittelen nytta som namn på biografifilmen om livet til Turner.
Songen vart nytta i ein episode av Miami Vice.
I 2012 vart «What's Love Got to Do with It» innlemma i Grammy Hall of Fame[1] og gav Turner hennar tredje Grammy Hall of Fame og 11. Grammyprisen totalt.