What in the World Song av David Bowie frå albumet Low | ||
Utgjeve | 14. januar 1977 | |
Innspelt | September til november 1976 | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:23 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie og Tony Visconti |
«What in the World» er ein song av David Bowie frå albumet Low i 1977. Songen vart sidan spelt på fleire turnear, mellom anna 1978-turneen.
«What in the World» syner noko av låtskrivinga og produksjonsteknikkane til Bowie frå Berlin-tida. Songen er, som andre songar på Low, usamanhengande, med tilsynelatande tilfeldige setningar og frie assosiasjonar i teksten.[1]
Det vert nytta mykje synthesizer og platestudioteknikkar, kraftig påverka av arbeidet med Brian Eno, som han samarbeidde med på albumet. Ein «blipp»-liknande lyd som minnar om lydar frå det seinare Pac-man og Nintendo Entertainment System pulserer gjennom songen, som i lag med ein særs rytmisk gitarsolo, skapar eit rasande tempo. Tony Visconti nyttar òg kraftige effektar på trommene til Dennis Davis. Iggy Pop syng korvokal på songen. Pop-albumet The Idiot vart spelt inn like før Low i same studioet, og var produsert av Bowie med mange av dei same musikarane.