What You're Proposing Singel av Status Quo frå albumet Just Supposin' | ||
Utgjeve | 3. oktober 1980 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:13 | |
Selskap | Vertigo | |
Låtskrivar(ar) | Francis Rossi, Bernie Frost | |
---|---|---|
Produsent | Status Quo og John Eden | |
Status Quo-kronologi | ||
«Living on an Island» (1979) |
What You're Proposing | «Lies» (1980)
|
«What You're Proposing» er ein song av det britiske rockebandet Status Quo frå 1980. Han kom ut på albumet deira Just Supposin'.[1]
Songen kom ut på singel same året med B-sida «A B Blues», ein instrumental jam som ikkje var med på albumet. Somme seinare utgåver av singelen tileigna feilaktig Andy Bown som låtskrivar av B-sida.
Songen vart spelt inn på ny i 2014 for det 31. studioalbumet til bandet, Aquostic (Stripped Bare).