What You Get Is What You See

What You Get Is What You See
Singel av Tina Turner
frå albumet Break Every Rule
Utgjeve 23. mars 1987
Innspelt 1986
Sjanger
Lengd 4:31
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar)
Produsent Britten
Tina Turner-kronologi 
«Girls»
(1986)
What You Get Is What You See «Break Every Rule»
(1987)


«What You Get Is What You See» er ein song av Tina Turner frå albumet hennar Break Every Rule (1986). Songen vart skriven av Terry Britten og Graham Lyle og var ganske annleis dei tre tidlegare singlane dei hadde skrive for Turner, «What's Love Got to Do with It», «We Don't Need Another Hero» og «Two People», sidan han var ein raskare country-aktig rockelåt med Eric Clapton på gitar.

12"-singelen inneheld tre versjonar av songen, ein Extended Dance Mix, Extended Rock Mix og eit konsertopptak frå London i november 1986. Eit anna konsertopptak av songen vart seinare nytta som opningssporet på konsertalbumet Tina Live in Europe i 1988. «What You Get Is What You See» vart populær i Australia, der han i 1989 vart nytta i ein reklamekampanje for New South Wales Rugby League. Dei brukte seinare Tina Turner-songen «The Best» i ein annan kampanje. Tina Turner har sagt i eit intervju at «What You Get is What You See» er favorittsongen hennar frå albumet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne