Whatever You Need Singel av Tina Turner frå albumet Twenty Four Seven | ||
Utgjeve | 5. februar 2000 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 4:44 (album version), 4:20 (radio edit) | |
Selskap | Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Harriet Roberts, Russell Courtenay | |
---|---|---|
Produsent | Johnny Douglas | |
Tina Turner-kronologi | ||
«When the Heartache Is Over» (1999) |
Whatever You Need | «Don't Leave Me This Way» (2000)
|
«Whatever You Need» er ein song av Tina Turner. Han vart skriven av Russ Courtenay og Harriet Roberts og gjeven ut som den andre singelen frå albumet Twenty Four Seven i 2000.
Sjølv om han selde dårlegare enn den førre singelen, «When the Heartache Is Over,» nådde songen 11. plassen i Finland og 27. plassen på UK Singles Chart. CD-singlane inneheld konsertopptak av somme av dei største hittane til Turner frå konserten i høve 60-årsdagen hennar i London i november 1999, som «The Best», «River Deep - Mountain High», «What's Love Got to Do with It» og «Steamy Windows», alle seinare gjevne ut på DVDen Celebrate! - 60th Birthday Special.
Musikkvideoen til songen var regissert av Jake Nava, og syner Turner som går gjennom ein tunnel i skinnjakke og jeans og sit på nokre trapper og syng, medan nokre tenåringar stoppar det dei held på med, sit seg ned med ho og syng med.