When the Wind Blows Singel av David Bowie frå albumet When the Wind Blows | ||
B-side |
«When the Wind Blows (Instrumental)» | |
---|---|---|
Utgjeve | juni 1986 | |
Innspelt | 1986 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:32 | |
Selskap | Virgin VS 906 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie og Erdal Kizilcay | |
Produsent | David Bowie, David Richards | |
David Bowie-kronologi | ||
«Magic Dance» (1986) |
When the Wind Blows | «Day-In Day-Out» (1987)
|
«When the Wind Blows» er ein song av David Bowie frå filmmusikken til filmen med same namn.
Det var andre gongen Bowie medverka til ein film basert på ei bok av Raymond Briggs. Han medverka òg til filmen The Snowman i 1982. Bowie-songen kom som følgje av eit samarbeid med mulitinstrumentalisten Erdal Kizilcay, som arbeidde med Bowie seinare, mellom anna The Buddha of Suburbia.
Singelen nådde 44. plass i Storbritannia og hadde ein musikkvideo som bestod av klipp frå filmen, med ein animasjon av Bowie over. Sidan den gong har songen vore forholdsvis vanskeleg å få tak i, sidan han sjeldan er å finne på samleplater.
I motsetnad til dei fleste instrumentale B-sidene frå 1980-åra, er ikkje instrumentalversjonen av «When the Wind Blows», berre ein versjon der vokalen er fjerna, men ei heilt ny orkesterinnspeling.