«When the Levee Breaks» | |
Låtskrivar | Memphis Minnie & Kansas Joe McCoy |
---|---|
Skriven | 1929 |
Språk | engelsk |
Form | Blues |
Opphavleg artist | Memphis Minnie & Kansas Joe McCoy (1929) |
Framført av | Gov't Mule (2005) Tori Amos (2005) Alison Krauss (2008) Bonerama |
«When the Levee Breaks» er ein bluessong skriven og først spelt inn av ekteparet Kansas Joe McCoy og Memphis Minnie i 1929. Songen er ein reaksjon på uroa etter Den store Mississippi-flaumen i 1927.
Ein kjend versjon vart spelt inn av det engelske rockebandet Led Zeppelin som den siste songen på det fjerde albumet deira, frå 1971. Teksten i Led Zeppelin-utgåva var delvis basert på den originale innspelinga. Mange andre artistar har òg spela songen.
Sjølv om Led Zeppelin har opphavsretten på versjonen sin er den originale songen av Kansas Joe McCoy og Memphis Minnie i dag offentleg eigedom.[1]