Whiskey in the Jar

Whiskey in the Jar
Singel av The Dubliners
frå albumet More of the Hard Stuff
Språk engelsk
Utgjeve 1968
Sjanger Irsk folkemusikk
Lengd 6:02
Selskap Major Minor
Låtskrivar(ar) Trad. arr. The Dubliners
Produsent Tommy Scott

«Whiskey in the Jar» (Roud 533) er ei irsk folkevise sett til dei sørlege fjella i Irland, ofte med spesifikk omtale av fylka Cork og Kerry. Songen, som handlar om ein «rapparee» (landevegsrøvar) som blir forrådd av kona eller elskarinna si, er ein av dei mest framførte tradisjonelle irske songane og har vorte tonesett av ei rekkje artistar sidan 1950-åra.

Songen fekk først brei eksponering då det irske folkebandet The Dubliners framførte han internasjonalt som ein signatursong, og spelte han inn på tre album i 1960-åra. I USA vart songen popularisert av The Highwaymen, som spelte han inn i 1962 på albumet Encore.[1] Det irske rockebandet Thin Lizzy toppa dei irske og britiske hitlistene med songen i 1973. I 1990 spelte The Dubliners inn songen på nytt saman med The Pogues med ein raskare rocka versjon som nådde 63. plassen i Storbritannia. Det amerikanske metalbandet Metallica spelte i 1998 ein versjon som var svært lik Thin Lizzy sin, men med eit tyngre lydbilete, og vann ein Grammy for songen i 2000 for beste hardrocksong. I 2019 framførte den kanadiske songar-låtskrivaren Bryan Adams ein versjon av songen på albumet sitt Shine a Light.

  1. «The Highwaymen* - Encore (Vinyl, LP, Album)». Discogs.com. Henta 22. april 2023. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne