Who's Next Studioalbum av The Who | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. august 1971[1] | |
Innspelt | April–juni 1971 | |
Studio | Olympic i London i England[2] Stargroves i East Woodhay i England (Rolling Stones Mobile Studio)[3] | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 43:38 | |
Selskap | Track, Decca | |
Produsent | The Who Glyn Johns (assoc) Chris Stamp (leiande) Kit Lambert (leiande) Pete Kameron (leiande) | |
The Who-kronologi | ||
---|---|---|
Live at Leeds (1970) |
Who's Next | Meaty Beaty Big and Bouncy (1971)
|
Singlar frå Who's Next | ||
|
Who's Next er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det kom ut 31. juli 1971 på Decca og MCA i USA og 25. august 1971 i Storbritannia på Track og Polydor. Albumet har opphavet sitt i ein rockeopera av Pete Townshend kalla Lifehouse. Det ambisiøse og kompliserte prosjektet vart aldri realisert og i staden vart mange av songane for prosjektet omskrive og gjeve ut som Who's Next.
Åtte av ni songar på Who's Next var frå Lifehouse. Det einaste unntaket var John Entwistle sin «My Wife». Etter kvart vart alle songane frå Lifehouse gjeven ut på andre album gjennom 70-åra.
The Who spelte inn Who's Next i lag med lydteknikaren Glyn Johns. Etter å ha produsert songen «Won't Get Fooled Again» i Rolling Stones Mobile Studio, flytta dei til Olympic Studios for å spele inn og mikse det meste av dei andre songane der. Dei brukte mykje synthesizer på albumet, særskild på «Won't Get Fooled Again» og «Baba O'Riley», som begge kom ut på singlar. Fotografiet på framsida av omslaget vart teken av Ethan Russell; og var ein referanse til monolitten i filmen 2001: A Space Odyssey frå 1968.
Who's Next var eit kritikarrost album og ein stor kommersiell suksess.[7] Det har sida blitt rekna som det beste Who-albumet og eit av dei beste gjennom tidene.