Wikipedia:Utvald artikkel/2025

Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 2004200520062007200820092010201120122013201420152016201720182019202020212022202320242025

Diskusjonar: 2007200820092010201120122013201420152016201720182019202020212022202320242025



I dag er det laurdag, 8. februar 2025Oppdater sida


Veke 1
Utsyn over Hama

Hama er ein by ved breidda av Orontes (Asi) vest i det sentrale Syria. Med eit folketal på 854 000 (2009) er Hama den fjerde største byen i Syria etter Aleppo, Damaskus og Homs. Byen ligg 213 km nord for Damaskus og 46 km nord for Homs. Han er provinshovudstaden i Hama guvernement. Hama er kjend for dei sytten noriaene sine, vasshjul som vert nytta til vatning, og som vert hevda å vere daterte til 1100 fvt. Sjølv om dei historisk sett vart nytta til kunstig vatning, er noriaene i dag mest til pynt.

I dei siste tiåra har byen Hama vorte kjend som eit senter for anti-Ba'ath-rørsler i Syria. Byen vart angripen av den syriske hæren under det islamske opprøret i 1964, og vart åstad for eit blodbad under det islamske opprøret i Syria i april 1981 og særskild i 1982, då nesten 25 000 menneske vart drepne. Byen vart igjen åstad for strid mellom det syriske forsvaret og motstandsstyrkar, som ein av hovudarenaene under den syriske borgarkrigen i 2011 og 2012. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Tre i dei magellanske subpolare skogane

Dei magellanske subpolare skogane er ein terrestrisk økoregion i det sørlegaste Sør-Amerika, som dekkjer delar av sørlege Chile og i langt mindre grad sørvestre område i Argentina. Det er ein økoregion med temperert lauvskog og blandingsskog i den neotropiske regionen, og inneheld dei sørlegaste skogane i verda. Det typiske treslaget i regionen er tre i slekta Nothofagus, sørbøk.

Den magellanske subpolare skogøkoregionen ligg vest for Andesfjella, som spring nord-sør i det meste av lengda, men bøyer austover nær sørspissen av Sør-Amerika, og endar ved øygruppa Eldlandet. Den magellanske økoregionen var dekt av isbrear under siste istid, og landskapet er djupt dissekert av fjordar, med mange øyar, viker og kanalar, inkludert Magellansundet, som skil Eldlandet frå det søramerikanske fastlandet. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
Fontanellar ved fødsel

Fontanell er eit anatomisk kjennemerke ved hovudskallen til nyfødde. Det plar å visa til dei blaute og membranøse gapa mellom knoklane som dannar skalletaket hjå foster og nyfødde. Etterkvart blir det danna nytt bein mellom knoklane, skallesaumar eller suturar.

Fontanellane oppstår fordi dei ulike knoklane som dannar hovudskallen ikkje er vaksne heilt saman hjå nyfødde. Dei har runde hjørne, og har berre ei bindevevshinne mellom seg. Ved møtepunkta mellom tre eller fleire skallebein møter kvarandre, er hinneområdet større, og det blir danna fontanellar. Fontanellar bidreg til snøgg strekking og omforming av hjerneskallen, av di hjernen utvidar seg snøggare enn dei omfamnande knoklane veks. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Logo til Age of Empires II: The Age of Kings

Age of Empires II: The Age of Kings er eit sanntidsstrategispel utvikla av Ensemble Studios. Dataspelet vart gjeve ut av Microsoft i 1999 for både Microsoft Windows og Macintosh. Spelet er ein del av Age of Empires-serien, og er det andre spelet i denne serien.

The Age of Kings er eit strategispel som går ut på å byggja opp ein eigen sivilisasjon og deretter å kjempa ned dei andre sivilisasjonane. I spelet vert ein introdusert for tretten sivilisasjonar: Britane, bysantinarane, keltarane, frankarane, mongolane, gotarane, kinesarane, japanarane, persarane, sarasenarane, teutonarane, tyrkarane og vikingane. Spelaren må sikta etter å samla grunnleggande ressursar – mat, ved, gull og stein – som kan brukast på å byggja landsbyar og laga hærar. I spelet er det fem historiebaserte oppdrag og felttog, slik at spelaren må ta høgde for bakgrunnshistorier og andre speleforhold. Ein kan velja mellom tre ulike einspelarmodusar og éin fleirspelarmodus. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Måleri av slaget ved Culloden.

Jakobittopprøret i 1745, også kjent som «Forty-five Rebellion» eller berre «The '45», var eit forsøk av Karl Edvard Stuart på å ta tilbake den britiske trona for far sin, Jakob Edvard Stuart. Oppreisten gjekk føre seg under den austerrikske arvefølgjekrigen, då det meste av den britiske hæren kriga på Kontinentet. Han blei likevel slått ned, og viste seg å vera det siste av jakobittopprøra som hadde byrja i 1689 med større utbrot i 1708, 1715 og 1719.

Karl byrja opprøret 19. august 1745 ved Glenfinnan i Det skotske høglandet. Han erobra Edinburgh og sigra i slaget ved Prestonpans i september. Ved eit rådsmøte i oktober gjekk skottane med på å invadera England etter at Karl gav dei forsikringar om solid støtte frå engelske jakobittar samstundes som franske troppar ville gjera landgang i Sør-England. Trass i ein siger ved Falkirk Muir i januar 1746, gjorde slaget ved Culloden i april slutt på opprøret og mykje av støtta for Stuart-saka. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
David Gilmour i 2024

David Gilmour (fødd 1946) er ein britisk gitarist, vokalist og låtskrivar som er mest kjend som medlem av bandet Pink Floyd. I tillegg har han arbeidd som plateprodusent for ei rekkje artistar, som Kate Bush, Grace Jones, Tom Jones, Elton John, B.B. King, Paul McCartney, John Lennon, Bob Dylan, The Who og Supertramp. Gilmour har vore aktiv i mange velgjerande organisasjonar og vart i 2003 tildelt Commander of the British Empire for arbeidet sitt.

Gilmour fekk tilbodet om å byrje i Pink Floyd seint i 1967, og Pink Floyd var ei kort tid eit femmannsband. Då Syd Barrett forlet bandet, tok Gilmour over rolla hans som gitarist, i tillegg til å medverke som låtskrivar. Gilmour er kjend for svært presise soloar med røter i blues. Soloane hans er kjende for å vere velkomponerte, sparsame, lyriske og emosjonelle. Gilmour har forklart at det han mangla på teknikk og fart måtte han ta igjen på melodi. I tillegg har han eksperimentert mykje og laga nye effektar ved hjelp av forsterkarar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Hortulan

Hortulan (Emberiza hortulana) er ein eurasisk medlem av busksporvfamilien Emberizidae. Hannen har grågrønt hovud, gul strupe og gule augeringar. Undersida er oransjebrun. Hoene kan skiljast frå hannane ved ei mattera farge på hovudet. Ungfuglane er farga ganske lite iaugefallande. Hortulan skil seg òg frå andre sporvar, til dømes gulsporv, i kroppsform. Hortulanen er slankare og vengene er lengre og smalare.

Hortulan er ein trekkfugl som lever i Afrika sør for Sahara vinterstid. Han hekkar i sørvestlege Eurasia frå Portugal i vest til nordvestlege Mongolia i aust. Arten er nesten utdøydd som hekkefugl i Noreg og er oppført som kritisk trua, CR, på norsk raudliste. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
India.Arie i 2009

India.Arie (fødd 1975) er ein amerikansk songar, låtskrivar, fløytist og gitarist. Arie er ein platina-seljande artist med over fem millionar album selt i USA og ti millionar i heile verda, og har vunne fire grammyprisar, mellom anna Best R&B Album. Ho har også verka som skodespelar. Arie har engasjert seg innan sosiale spørsmål og menneskerettar, både som artist og som ambassadør for UNICEF.

India.Arie gav ut debutalbumet sitt Acoustic Soul 27. mars 2001. Albumet fekk positiv omtale og var ein kommersiell suksess. I 2002 gav ho ut oppfølgjaralbumet Voyage to India. Ved grammyprisutdelinga i 2003 vann det Best R&B Album, medan singelen «Little Things» vann Best Urban/Alternative Performance. Songen «Get It Together» blei nytta på fleire filmar, mellom anna Brown Sugar (2002) og Shark Tale (2004). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Topografisk kart over Spania

Spansk geografi omfattar landområdet til Spania, som ligg sørvest i Europa og dekkjer om lag 84 % av Pyrenéhalvøya. I tillegg til på Den iberiske halvøya finst det fleire spanske område: Balearane, ei øygruppe i Middelhavet, Kanariøyane i sørvest, 108 km vest for Nord-Afrika, og fem plazas de soberania, område som Spania har suverenitet over på og utanfor kysten av Marokko: Ceuta, Melilla, Islas Chafarinas, Peñón de Alhucemas og Peñón de Vélez de la Gomera.

Av grensene til Spania er 4 964 km (88 %) vatn og 1917,8 km land (12 %). Det kantabriske havet (Biscayabukta) ligg i nord, Middelhavet og Det baleariske havet ligg i aust og søraust, Portugal og Nord-Atlanteren i vest og Frankrike og Andorra i nordaust langs Pyreneane. Middelhavskysten er 1660 km lang og atlanterhavskysten 710 km. Pyrenane er ei fjellkjede som strekkjer seg 435 km frå Middelhavet til Biscayabukta. Heilt sør i Spania ligg Gibraltarsundet, som skil Spania og resten av Europa frå Marokko i Nord-Afrika. På det smalaste er sundet mellom Spania og Marokko berre 13 km. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 10, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 11, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 12, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 13, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 14, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 15, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 16, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 17, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 18, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 19, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 20, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 21, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 22, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 23, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 24, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 25, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 26, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 27, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 28, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 30, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 32, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 33, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 34, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 35, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 36, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 37, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 39, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 40, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 41, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 47, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 49, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 51, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 53, 2025
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 2004200520062007200820092010201120122013201420152016201720182019202020212022202320242025

Diskusjonar: 2007200820092010201120122013201420152016201720182019202020212022202320242025



I dag er det laurdag, 8. februar 2025Oppdater sida


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne