Dopplereffekten er endring i bølgjelengda (og difor frekvensen) til ei bølgje når kjelda er i rørsle i høve til ein observatør.
Christian Doppler analyserte denne effekten 1842 i ein monograf. Hypotesen blei først testa ut for lydbølgjer av den nederlandske vitskapsmannen Ballot i 1845. Han nytta eit jernbanetog og fleire hornblåsarar for å vise at tonehøgda var høgare når hornet nærma seg lyttaren og lågare når det fjerna seg. Fizeau oppdaga det same fenomenet hos elektromagnetiske bølgjer i 1848, uavhengig av Doppler og Ballot. I Frankrike blir effekten stundom kalla «effet Doppler-Fizeau».
Dopplereffekten er viktig innanfor astronomi, dopplerradarar og ekkokardiogram. Les meir …