Wild Honey Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. desember 1967 | |
Innspelt | 26. september - 15. november 1967 | |
Sjanger | Psykedelisk pop, psykedelisk soul, rock | |
Lengd | 24:24 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | The Beach Boys | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
Smiley Smile (1967) |
Wild Honey | Friends (1968)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Blender | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Encyclopedia of Popular Music | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Pitchfork | 3.5/10[4] |
The Rolling Stone Album Guide | |
The Village Voice | A+[6] |
Wild Honey er det trettande studioalbumet til The Beach Boys, utgjeve i 1967. Albumet var det første albumet deira sida Surfin' USA som ikkje var produsert av Brian Wilson aleine. Han hadde gradvis trekt seg tilbake som den musikalske leiaren av bandet etter den vanskelege prosessen innspelinga av det skrinlagte albumet Smile.
Avsluttingsporet «Mama Says», er einstonig song frå songen «Vegetables» frå det skrinlagde Smile. Det var det første av fleire Smile-songar nytta som avslutningssong på seinare Beach Boys-album.
Tittelsporet vart den første singelen frå albumet og vart ein liten hit. Oppfølgjaren «Darlin'» nådde Topp 20 i USA, medan sjølve albumet gjekk til 24. plass i USA og 7. plass i Storbritannia. Songen «Here Comes the Night» vart seinare innspelt på ny som ein disco-song seint i 1970-åra, men vart ikkje noko hit. «How She Boogalooed It», skriven av Al Jardine, Mike Love, Bruce Johnston og Carl Wilson, var den første Beach Boys-songen (bortsett frå nokre instrumentalar) der Brian Wilson ikkje medverka som låtskrivar.
I 1990 vart Wild Honey gjeven ut på CD i lag med Smiley Smile og bonusspor frå perioden.