Wild Thing Singel av The Troggs | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Utgjeve | 22. april 1966 | |
Studio | Olympic Sound i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:30 | |
Selskap | ||
Tekstforfattar | Chip Taylor | |
Låtskrivar(ar) | Chip Taylor | |
Produsent | Larry Page | |
Britisk The Troggs-kronologi | ||
Lost Girl (1965) |
Wild Thing | With a Girl Like You (1966) |
Amerikansk The Troggs-kronologi | ||
Wild Thing | I Can't Control Myself (1966)
|
«Wild Thing» er ein song skriven av amerikanske Chip Taylor og gjort populær av det engelske rockebandet The Troggs. Han vart opphavleg spelt inn og gjeven ut av det amerikanske rockebandet The Wild Ones i 1965,[5] men denne selde ikkje så godt. Versjonen til The Troggs nådde toppen av Billboard Hot 100 og andreplassen på UK Singles Chart i 1966, og er rangert på 257. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] Han er òg blitt spelt av mange andre musikarar.