William Shakespeare | |
Chandos-portrettet, opphav og autentisitet ukjend | |
Statsborgarskap | Kongeriket England |
Fødd | april 1564 Stratford-upon-Avon, Stratford-on-Avon |
Død |
23. april 1616 (52 år) |
Yrke | skodespelforfattar, lyrikar, teaterskodespelar, skribent, skodespelar, dramaturg |
Språk | tidlig moderne engelsk, britisk-engelsk |
Sjanger | skodespel, dikt |
Far | John Shakespeare |
Mor | Mary Shakespeare |
Ektefelle | Anne Hathaway |
Born | Susanna Hall, Hamnet Shakespeare, Judith Quiney |
William Shakespeare på Commons |
William Shakespeare (23. april 1564–23. april 1616)[1] var ein engelsk diktar og skodespelforfattar, og har det største ryet av alle engelskspråklege forfattarar.
Shakespeare er ikkje berre stor når det gjeld poetisk og dramatisk form, evna hans til å fange og formidle dei djupaste sidene av den menneskelege naturen blir av mange sedd som eineståande. Som ein ovstor figur i verdslitteraturen har han framleis innverknad i alle verdsdelar. Han er omsett til alle viktige mål, og skodespela hans blir spela heile tida, verda rundt. Han er mellom dei få som har skrive både tragediar og komediar godt.
Shakespeare skreiv verka sine mellom 1588 og 1616. Han fekk gjort svært mykje når ein tenkjer på at han berre vart 52 år gammal. Innverknaden hans i den engelskspråklege verda visest mellom anna i den vide bruken av sitat frå skodespela hans og i talet på åndsverk basert på Shakespeare-uttrykk.