Willie the Pimp Song av Frank Zappa frå albumet Hot Rats | ||
Utgjeve | 10. oktober 1969 | |
Sjanger | Bluesrock, hardrock | |
Lengd | 9:25 | |
Selskap | Bizarre/Rykodisc | |
Låtskrivar(ar) | Frank Zappa | |
---|---|---|
Produsent | Frank Zappa |
«Willie the Pimp» er ein bluesrocksong av Frank Zappa frå albumet Hot Rats frå 1969. Captain Beefheart syng vokal på songen, medan Zappa spelar ein av sine klassiske gitarsoloar. Songen er 9 minuttar og 16 sekundar lang på Hot Rats. Han er den einaste songen som ikkje er ein instrumental på albumet, men inneheld ein lang instrumental gitarsolo.
Songen finst òg på konsertalbuma Fillmore East - June 1971 og You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 4.
Albumtittelen Hot Rats kjem frå ein del av teksten på Willie the Pimp. Opphavet til songen vart forklart i ein samtale Zappa spelte inn i 1969. Intervjuet vart seinare gjeven ut som «The Story of Willie the Pimp» på Zappa-albumet Mystery Disc.
Songen vart rangert på 75. plass på lista over dei 100 beste gitarsongane av Rolling Stone.[1]