Wings at the Speed of Sound

Wings at the Speed of Sound
Studioalbum av Wings
Språk engelsk
Utgjeve 25. mars 1976
Innspelt September 1975, 5. januar–4. februar 1976
Studio Abbey Road Studios i London
Sjanger Poprock
Lengd 46:36
Selskap Capitol
Produsent Paul McCartney
Wings-kronologi 
Venus and Mars
(1975)
Wings at the Speed of Sound Wings over America
(1976)
Singlar frå Wings at the Speed of Sound
  1. «Silly Love Songs»
    Utgjeve: 1. april 1976
  2. «Let 'Em In»
    Utgjeve: 28. juni 1976
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]
Robert ChristgauB–[2]
Classic Rock7/10[3]
The Essential Rock Diskografi4/10[4]
MusicHound2/5[5]
PopMatters5/10 stars[6]
Q1/5 stars[7]
Record Collector3/5 stars[8]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[9]

Wings at the Speed of Sound er det femte studioalbumet til Wings, gjeve ut 25. mars 1976 som oppfølgjaren til Venus and Mars. Det kom ut medan bandet var på sitt mest populære og nådde toppen av den amerikanske albumlista og andreplassen på den britiske. Begge singlane frå albumet nådde Topp 5 på både den amerikanske og britiske singellista, og «Silly Love Songs» gjekk heilt til topps i USA.

Albumet vart spelt inn og kom ut midt under den særs suksessrike Wings over the World-turneen til bandet og songar frå albumet vart spelte på turneen etter albumet kom ut. Versjonar av «Let 'Em In», «Silly Love Songs» og «Beware My Love» vart gjevne ut på konsertalbumet Wings over America, som kom i desember 1976.

Som ein reaksjon til kritikarane som meinte at Wings berre var eit band for Paul McCartney, song alle medlemmane i bandet minst ein song kvar på albumet, og to av songane på albumet er skrivne av andre medlemmar enn McCartney-paret, eller i lag med dei.

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Wings at the Speed of SoundAllmusic. Henta 20. mai 2018.
  2. Christgau, Robert (14. juni 1976). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 20. mai 2018. 
  3. Sexton, Paul (October 2014). «Wings Reissues». Classic Rock: 97. 
  4. Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Diskografi. Edinburgh, UK: Canongate. s. 696. ISBN 978-184195-827-9. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 731. ISBN 1-57859-061-2.
  6. Bergstrom, John (1. desember 2014). «Paul McCartney and Wings: Wings at the Speed of Sound». PopMatters. Henta 13. desember 2014. 
  7. Nicol, Jimmy (October 1993). «Re-releases: Paul McCartney The Paul McCartney Collection». Q. s. 119. 
  8. Staunton, Terry (October 2014). «Wings Venus and Mars / Wings at the Speed of Sound». Record Collector. s. 99. 
  9. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 20. mai 2018. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne