Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791). Portrett måla av Johann Georg Edlinger, truleg i München kring 1790. Dette biletet er rekna som eit av dei mest realistiske portretta av Mozart. | |||
Fødd | 27. januar 1756 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Salzburg | ||
Død | 5. desember 1791 (35 år) | ||
Dødsstad | Wien, Rauhensteingasse | ||
Fødenamn | Joannes Chrysostomus Wolfgangus Theophilus Mozart | ||
Opphav | Salzburg erkebispedømme | ||
Aktiv | 1761–1791 | ||
Sjanger | Klassisismen i musikk, Sardana, kammermusikk, opera, symfoni | ||
Instrument | orgel, klavikord, cembalo, hammerklaver, fiolin, bratsj, piano | ||
Verka som | komponist, musikkpedagog, pianist, musikar, organist, fiolinist | ||
Mor | Anna Maria Mozart | ||
Far | Leopold Mozart | ||
Gift med | Constanze Mozart | ||
Born | Karl Mozart, Franz Xaver Wolfgang Mozart | ||
Prisar | Den gylne spores orden |
Wolfgang Amadeus Mozart (27. januar 1756–5. desember 1791) var ein austerriksk musikar og komponist. Mozart er kjend som vedunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera, symfoniar, instrumentkonsertar og kor-, piano- og kammermusikk.