Wolin | |
---|---|
Landsatbilete av Stettiner Haff - Wolin er den austlege av dei to store øyane mellom lagunen og Austersjøen. Den vestlege øya er Usedom | |
Geografi | |
Stad | Pommernbukta |
Koordinatar | 53°55′N 14°30′E / 53.917°N 14.500°E
|
Areal | 265 km²
|
Høgaste punkt | Grzywacz (115 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Polen |
Voivodskap | Vestpommerske Voivodskap |
Største busetnad | Wolin
|
Wolin (tysk Wollin) er ei øy i Austersjøen like utanfor kysten av Polen og ein by på same øya. Mellom Wolin og naboøya Usedom renn elva Świna, og mellom øya og Pommern på fastlandet renn elva Dziwna. Opphavet til namnet er ukjend, men truleg har det slavisk opphav. I det gamle slaviske språket tyder wolyn «våtmark» og i løpet av tida kan dette ha vorte germanisert.
Vatn frå elva Oder renn ut i lagunen Stettiner Haff. Frå her renn vatnet gjennom Peene (vest for Usedom), Świna og Dziwna og ut i Pommernbukta, som er ein del av Austersjøen.
Det meste av øya er dekt av skog og åsar. Midt på øya ligg Wolin nasjonalpark. Øya er den største turistattraksjonen nordvest i Polen og fleire merka turstiar går på kryss og tvers av øya, som den 73 km lange stien frå Miedzyzdroje til Dziwnowek. Det går ei elektrisk jernbanelinje mellom Szczecin og Swinoujscie over øya, i tillegg til E65, som kryssar Europa frå nord til sør.