Won't Get Fooled Again Singel av The Who frå albumet Who's Next | ||
B-side |
I Don't Even Know Myself | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. juni 1971 | |
Innspelt | April og mai 1971 | |
Studio |
| |
Sjanger | Hardrock[1] | |
Lengd |
| |
Selskap | ||
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
Produsent |
| |
The Who-kronologi | ||
«See Me, Feel Me» (1970) |
Won't Get Fooled Again | «Let's See Action» (1971)
|
«Won't Get Fooled Again» er ein song av rockebandet The Who frå albumet Who's Next frå 1971. Han er skriven av Pete Townshend og kombinerer powerakkordar på gitaren med handsama orgel og synthesizer songen gjennom.
Songen fortel om ein «revolusjon av revolusjonar» i ein endelaus syklus, der «the change it had to come, we knew it all along» (‘endringar måtte kome, vi visste det heile tida’), men kvart nye regime viser seg å vere akkurat som det gamle, så då er det berre å ‘ta gitaren og spele, akkurat som i går, så går eg ned på kne og ber om at vi ikkje vert narra igjen’ («pick up my guitar and play, just like yesterday, then I'll get on my knees og pray we don't get fooled again»). Songen vart gjeven ut på singel i 1971, kraftig kutta ned til tre og eit halvt minutt. Singelen nådde niandeplass i Storbritannia og 15. plass i USA.