Woodstock Music & Art Fair (ofte berre kalla Woodstock eller Woodstockfestivalen) var ein musikkfestival, omtalt som «Ein eksposisjon i vassmannen sin alder: 3 dagar med fred og musikk». Han vart halde på jordet til Max Yasgur, som hadde ein meierigard nær grenda White Lake i byen Bethel i New York, frå 15. til 18. august 1969. Bethel ligg 69 km sørvest for byen Woodstock i New York.
Under den noko regnfulle helga spelte 32 band og artistar føre 500 000 menneske.[1] Det vert av mange rekna som den største og viktigaste hendinga i pophistoria og vart av Rolling Stone skildra som 50 augneblink som endra rockehistoria.[2]
Hendinga vart dokumentert i dokumentarfilmen Woodstock i 1970, og eit filmmusikkalbum, medan Joni Mitchell skreiv songen «Woodstock» til minne om hendinga. Songen vart ein hit for Crosby, Stills, Nash & Young.