World Gone Wrong Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. oktober 1993 | |
Innspelt | Mai 1993 i garasjen til Dylan i Malibu | |
Sjanger | Folk, blues | |
Lengd | 43:51 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Dylan | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
The 30th Anniversary Concert Celebration (1993) |
World Gone Wrong | Bob Dylan's Greatest Hits Volume 3 (1994)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | A–[2] |
MusicHound | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Select | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
World Gone Wrong er det 29. studioalbumet til Bob Dylan. Det kom ut på Columbia Records den 26. oktober 1993.
Det var den andre samlinga til Dylan med berre tradisjonelle folkeviser, framført med berre akustisk gitar og munnspel. Songane er ein del mørkare med meir tragiske tema enn på den førre plata, Good as I Been to You. Albumet fekk varm, men ikkje særs god kritikk. Trass i at albumet vann ein Grammy for «Beste tradisjonelle folkealbum», nådde det berre 70. plassen i USA og 35. plassen på albumlista i Storbritannia.
Både dette albumet og det førre var album Dylan lagde for å oppfylle den dåverande platekontrakten sin. Etter dette albumet var han frilans for ei lita stund, før han mot slutten av 1993 signerte med Sony for ti nye album. Det tok fire år før Dylan kom med eit nytt album, Time Out of Mind, ei samling med originale songar som fekk mykje meir mediaomtale enn World Gone Wrong.
World Gone Wrong vart rangert på 23. plassen på kritikarlista Pazz & Jop i The Village Voice for 1993.