World Idol var den fyrste og einaste internasjonale versjonen av fjernsynsserien Idol, og vart arrangert i desember 2003, medan vinnaren vart presentert 1. januar 2004. Deltakarane var dei fyrste nasjonale Idol-vinnarane frå 11 nasjonar. Etter å ha presentert deltakarane skulle sjåarane frå dei 11 deltakande nasjonane røyste på kven dei syntest var flinkast, utan å røyste på deltakaren frå sitt eige land. Alle deltakarane song på engelsk bortsett frå Diana Karazon frå Saudi-Arabia som song på arabisk. Vertane for programmet var dei britiske programleiarane «Ant og Dec».
Idol-dommaren Simon Cowell var svært kritisk til formatet, og gjekk så langt som å seie at han hata det. Han meinte òg at det førte til at vinnarane frå dei 10 landa som ikkje vann World Idol ville verte sett på som taparar. Han deltok likevel som dommar i programmet.