World of Warcraft | |||
![]() | |||
Utviklar(ar) | Blizzard Entertainment | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Blizzard Entertainment | ||
Design(ar) | Rob Pardo | ||
Komponist(ar) | Tracy W. Bush | ||
Serie | Warcraft | ||
Siste versjon | 9.2.0 | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows, macOS | ||
Utgjeving | 23. november 2004 | ||
Sjanger | MMORPG, episk fantasy, fantasyspill | ||
Spelemodus | fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 16 | ||
Nettstad | https://worldofwarcraft.com/ | ||
Del av serien Warcraft⠀ | |||
←Warcraft III: The Frozen Throne⠀ · World of Warcraft: The Burning Crusade→ |
World of Warcraft er det siste spelet i Warcraft-universet frå Blizzard Entertainment. Dette er eit «MMORPG» (Massive Multiplayer Online Role-Playing Game), der ein skapar ein eigen figur for å leggje ut på eventyrreise i den oppdikta verda Azeroth. Dette er det første utgjeve spelet i serien som braut med strategisjangeren. Blizzard har 1200 fast tilsette som jobbar med å utvikle spelet.
Rob Pardo leia laget som utforma Azeroth i World of Warcraft. For dette arbeidet kom han i 2006 på Time Magazine si liste over dei 100 viktigaste personane i verda, igjennom kategorien underhaldning.[1][2] Time la spesielt merke til at delen brukarar då talde 6 millionar.[3] I januar 2008 passerte talet på brukarar 10 millionar.[4]
Den først offisielle utvidingspakken «The Burning Crusade» (Det brennande krosstoget), kom i sal den 16. januar 2007.