Writer Studioalbum av Carole King | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1970 | |
Innspelt | Mars–april 1970 | |
Studio | Crystal Sound i Hollywood i Los Angeles | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 44:11 | |
Selskap | Ode / A&M (originalutgåve) Ode / Epic (nyutgjeving) | |
Produsent | John Fischbach | |
Carole King-kronologi | ||
---|---|---|
Writer | Tapestry (1971)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | B[2] |
Writer er debutalbumet til den amerikanske songar-låtskrivaren Carole King, gjeve ut i mai 1970. King hadde alt hatt ein suksessrik karriere som låtskrivar og vore ein del av The City, ei kortvarig gruppe ho skipa etter etter ho flytta til Los Angeles i 1968. Av spor på albumet finn ein «Up on the Roof», som nådde fjerdeplassen på den amerikanske hitlista for The Drifters i 1962, og «Child of Mine», som var blitt spelt inn av Billy Joe Royal,[3] blant andre. Albumet fekk lite merksemd då det kom ut, men gjekk inn på albumlista etter suksessen til det neste albumet til King, Tapestry, i 1971. Albumet vart produsert av John Fischbach, som var med å skipe studioet Crystal Sound der albumet vart spelt inn.
Albumet fekk positive meldingar frå kritikarane, og AllMusic skreiv at det var det «mest undervurderte av alle dei originale albuma hennar».[1] Og i ei melding som òg omfatta Tapestry i Rolling Stone, skreiv Jon Landau «Writer var ei velsigning trass i feila sine» og at sjølv om «produksjonen var dårleg», gjorde King sjølv albumet «absolutt verdt det».[4]