Xbox One | |||
Konsoll med handkontroll og kinect | |||
Produsent | Microsoft Microsoft-Xbox-One-Console-Set-wKinect.jpg | ||
---|---|---|---|
Produktfamilie | Xbox | ||
Generasjon | Åttande generasjon | ||
Lansering | 22. november 2013 | ||
Medium | CD, DVD |
Xbox One er ein heime spelkonsoll utvikla og marknadsført av Microsoft. Annonsert den 21. mai 2013 er det etterfølgjaren til Xbox 360, og er den tredje konsollen i Xbox-familien. Den konkurrerar direkte med Sony sin PlayStation 4 og Nintendo sin Wii U som ein del av den åttande generasjonen med spelkonsollar. Xbox One var lansert i Nord-Amerika, fleire europeiske marknader, Australia og New Zealand den 22. november 2013, og seinare i 26 andre marknader, inkludert Japan, dei attverande europeiske marknadene, og Midt-austen i september 2014. Det er den fyrste Xbox-spelkonsollen som blei utgjeve i Kina.
Xbox One er basert på ein x86-64-prosessorarkitektur, har Blu-ray-lesar og 8 GB minne i form av DDR3. Xbox One blir sett på som eit «alt i eit»-underhaldingssystem, som ein meduimspelar der ein kan sjå TV, film, surfe på internett og spele. Dette fekk blanda tilbakemeldingar. Konsollen har ei innebygd stemmestyring. Alt av stemmekontroll blir styrt igjennom Kinect, og ein kan også bruke program som Skype gjennom Kinect.