Yang di-Pertuan Agong

Yang di-Pertuan Agong ber dette hovudplagget som symbol på stillinga si.

Yang di-Pertuan Agong er den malayiske tittelen til statssjefen i valmonarkiet Malaysia, vanlegvis omsett til konge.[1] Tittelen blei innført då Malaya-føderasjonen blei sjølvstendig i 1957 og ein ny grunnlov gjorde landet til eit konstitusjonelt monarki med ein vald konge som tenestegjer i ein periode på fem år. Ordninga blei halden ved like då den utvida forbundsstaten Malaysia blei til i 1963.

Grunnloven av 1957 nedfeller funksjonen og fullmaktene til Yang di-Pertuan Agong i del 4, kapittel 1.[2] Kongen blir vald av og blant herskarane i dei delstatane i Malaysia som er monarki, det vil seia sultanatene Johor, Kedah, Kelantan, Pahang, Perak, Selangor og Terengganu, rajadømet Perlis og Negeri Sembilan, der herskaren har tittelen Yang di-Pertuan Besar. Herskarane i desse statane utgjer, såen med delstatsoverhovuda (Yang di-Pertua Negeri) i dei fire andre statane, Herskarkonferansen (Majlis Raja-Raja). Herskarkonferansen utfører valet av Yang di-Pertuan Agong, men utan deltaking frå Yang di-Pertua Negeri.[3]

  1. Tittelen Yang di-Pertuan Agong kan også omsetjast som «han som er blitt herre», jf. «På tur for norsk næringsliv», Aftenposten, 8. mars 2010, oppdatert 12. oktober 2011.
  2. Constitution of Malaysia 1957, Commonwealth Legal Information Institute.
  3. The Rulers of Malaysia, bd. 16 i The Encyclopedia of Malaysia, Archipelago Press, 2011, s. 169.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne