Yo-Yo Ma | |||
Yo-Yo Ma i 2013 | |||
Fødd | 7. oktober 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Paris i Frankrike | ||
Opphav | Frankrike, USA, Republikken Kina | ||
Aktiv | Sidan 1961 | ||
Sjanger | Klassisk | ||
Instrument | Cello | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Born | Nicholas Ma | ||
Prisar | National Medal of Arts, Presidentens fridomsmedalje, Emmy-prisen, Glenn Gould-prisen, Kennedy Center Honors, Danakerordenen, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow, æresdoktor ved det kinesiske universitetet i Hong Kong, Avery Fisher Prize, Echo Klassik Award - Instrumentalist of the Year, Library of Congress Living Legend, Echo Klassik for klassiskt uten grenser, Léonie Sonnings musikkpris, Dan David Prize, Great Immigrants Award, Polar Music Prize, Vilcek Prize, æresdoktor ved Université Paris-Sorbonne, Time 100, Praemium Imperiale, Birgit Nilsson Prize |
Yo-Yo Ma (fødd 7. oktober 1955) er ein amerikansk cellist.[2] Fødd i Paris av kinesiske[3] foreldre og utdanna i New York City, var han eit vedunderbarn og opptredde frå han var fire og eit halvt år gammal. Han vart uteksaminert frå Juilliard School og Harvard University, og har opptredd som solist med orkester over heile verda. Han har spelt inn meir enn 90 album og motteke 19 Grammyprisar.
I tillegg til innspelingar av klassisk musikk-repertoar har han spelt inn eit breitt spekter av folkemusikk, som amerikansk bluegrass, tradisjonelle kinesiske melodiar, tangoane til den argentinske komponisten Astor Piazzolla og brasiliansk musikk. Han har samarbeidd med artistar i ulike sjangrar, mellom anna songaren Bobby McFerrin, gitaristen Carlos Santana, Sérgio Assad og bror hans, Odair, og songar-låtskrivaren James Taylor. Det fremste framføringsinstrument til Ma er ein Montagnana-cello frå 1733 til ein verdi av 2,5 millionar dollar.
Han har vore United Nations Messenger of Peace sidan 2006.[4] Han vart tildelt The Glenn Gould Prize i 1999, National Medal of Arts i 2001,[5] Presidential Medal of Freedom i 2011, og Polarprisen i 2012.[6]
Ma vart kåra til ein av Time sine 100 mest innverknadsrike personar i 2020.[7]