You'll Never Walk Alone Samlealbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. mars 1971 | |
Sjanger | Gospel | |
Lengd | 26:13 | |
Selskap | RCA Camden | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Elvis Country (I'm 10,000 Years Old) (1971) |
You'll Never Walk Alone | Love Letters from Elvis (1971)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
MusicHound | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
You'll Never Walk Alone er eit gospel-samlealbum av Elvis Presley, gjeve ut i 1971 på RCA Camden. Albumet består hovudsakleg av gospelinnspelingar Presley hadde gjeve ut før. Innspelingane gjekk heilt attende til 1957, og bestod av to songar som ikkje var gjevne ut før. Singelen «You'll Never Walk Alone», ei utgåve av Oscar Hammerstein II- og Richard Rodgers-songen, vart ein mindre hit for han seint i 1960-åra. Dei to songane som ikkje var gjevne ut før var «Let Us Pray» frå filmmusikken til filmen Change of Habit frå 1969 og «Who Am I?», ein song som var til overs frå innspelingane tidleg i 1969 for albumet From Elvis in Memphis.
Albumet nådde 69. plassen på Billboard 200-lista.[3] You'll Never Walk Alone vart seinare gjeven ut på ny i 2006, i lag med andre billigalbum av Presley.. Albumet selde til gullplate 27. mars 1992, platina den 15. juli 1999, og 3x platina den 6. januar 2004 hos Recording Industry Association of America.[4]
Albumet følgjer RCA-Camden si nyutgjeving av Elvis' Christmas Album, sidan det inneheld fire gospelinnspelingar frå dette albumet, som ikkje kom med på nyutgjevinga til RCA Camden av dette julealbumet i 1970. Dei originale fire gospelsongane vart gjevne ut i 1957 på ein RCA Victor-EP kalla «Peace in the Valley».