You've Got a Habit of Leaving

You've Got a Habit of Leaving
Singel av Davy Jones and The Lower Third
B-side

«Baby Loves That Way»

Språk engelsk
Utgjeve 20. august 1965
Innspelt IBC Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 2:35
Selskap Parlophone R5315
Låtskrivar(ar) Davy Jones (David Bowie)
Produsent Shel Talmy
David Bowie-kronologi 
«I Pity the Fool»
The Manish Boys
(1964)
You've Got a Habit of Leaving «Can't Help Thinking About Me»
David Bowie & The Lower Third
(1966)


«You've Got a Habit of Leaving» er ein song skriven av David Bowie i 1965 og gjeven ut som singel under namnet Davy Jones (& The Lower Third). Det var den siste songen Bowie, fødd David Jones, gav ut før han endra namn for å ikkje forvekslast med Davy Jones frå The Monkees, og den første av to singlar som han spelte inn med The Lower Third etter å ha gått frå det førre bandet sitt, The Manish Boys. B-sida til singelen var «Baby Loves That Way». Begge singlane var produserte av Shel Talmy.

Med The Lower Third gjekk Bowie bort frå amerikanisert R&B, som hadde dominert dei to tidlegare singlane hans, og flytta seg mot Who-aktig mod-musikk. Ein typisk konsert på denne tida inneheld derimot «Mars» frå Gustav Holst sin Planetar og «Chim Chim Cheree» frå Mary Poppins. Den framtidige manageren til Bowie, Ken Pitt, såg ein av desse konsertane på midten av 1960-åra, der bandet avslutta med Rodgers and Hammerstein-songen «You'll Never Walk Alone».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne