You Really Got Me

«You Really Got Me»
Singel av The Kinks
frå albumet Kinks
B-side

«It’s Alright»

Utgjeve 4. august 1964
Innspelt Juli 1964, IBC Studios i London i England
Sjanger Hardrock, garagerock
Lengd 2:14
Selskap Pye 7N 15673
Reprise 0306
Komponist Ray Davies
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi 
«You Still Want Me»
(1964)
«You Really Got Me» «All Day and All of the Night»
(1964)


«You Really Got Me» er ein rockesong skriven av Ray Davies og spelt av bandet hans The Kinks. Han vart gjeven ut som den tredje singelen til bandet i august 1964 og nådde førsteplassen i Storbritannia, der han låg i to veker. Han var gjennombrotshitten til bandet og gjorde dei til eit av dei fremste banda i den britiske bølgja i USA, der songen nådde sjuandeplassen. Songen vart seinare gjeven ut på debutalbumet til the Kinks, Kinks.

«You Really Got Me» er bygd opp omkring powerakkordar[1] og påverka tungt andre rockeartistar, særleg innan heavy metal-sjangeren. Ein kritikar skreiv at «dette er songen som fann opp heavy metal»[1], medan kritikar Denise Sullivan i Allmusic skriv «'You Really Got Me' er ein blåkopi for songar innan hardrock og heavy metal[2]

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 82. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene og på fjerde plass på lista over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.[3] Tidleg i 2005 vart songen stemd fram som den beste britiske songen i perioden 1955–1965 på BBC radio. I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på niandeplass på si liste over dei 100 beste gitarsongane.[4] I 2009 vart songen av VH1 plassert på 57. plass på lista deira over dei beste hardrocksongane gjennom tidene.[5]

  1. 1,0 1,1 Walser, Robert (1993). Running with the Devil: Power, Gender and Madness in Heavy Metal Music, s.9. Wesleyan University Press. ISBN 0819562602.
  2. Omtale av «You Really Got Me», Denise Sullivan, Allmusic, All Music.com Arkivert 2010-02-11 ved Wayback Machine.
  3. The 100 Greatest Guitar Songs of All Time : Rolling Stone, arkivert frå originalen 25. juni 2008, henta 9. april 2009 
  4. http://www.ultimate-guitar.com/news/general_music_news/greatest_guitar_tracks.html
  5. «spreadit.org music». Henta 9. april 2009. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne