Ytre Hvaler nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Frå Tisler i Ytre Hvaler
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Kommunar | Fredrikstad, Hvaler | ||
Areal | 354 km² | ||
Oppretta | 26. juni 2009 | ||
![]() Ytre Hvaler nasjonalpark 59°01′00″N 10°48′00″E / 59.01666667°N 10.8°E | |||
Wikimedia Commons: Ytre Hvaler National Park |
Ytre Hvaler nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark som ligg i kyst- og skjergardslandskapet i Østfold fylke. Parken vart oppretta 26. juni 2009, for å «bevare et egenartet, stort og relativt urørt naturområde ved kysten i sørøst-Norge, bevare et undersjøisk landskap med variert bunntopografi, og bevare økosystemer på land og i sjø med naturlig forekommende arter og bestander, kystlandskap med sjøoverflate og havbunn med korallrev, hard- og bløtbunn.»[1] og han dekker eit område på 354 km² land og sjø.
Nasjonalparken ligg i kommunane Fredrikstad og Hvaler; og han erstattar dei fire tidlegare sjøfuglreservata Akerøya, Heia, Møren og Søre Syster. Parken grensar opp til den svenske Kosterhavet nationalpark som vart oppretta samtidig.