Ytre Hebridane | |||
Outer Hebrides Comhairle nan Eilean Siar | |||
region | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | ![]() | ||
Del av | Hebridane | ||
Adm.senter | Stornoway | ||
Areal | 3 058,7026 km² | ||
Folketal | 26 720 (2019)[1] | ||
![]() Ytre Hebridane 57°46′N 7°01′W / 57.76°N 7.02°W | |||
Wikimedia Commons: Outer Hebrides |
Ytre Hebridane[a] er ei øygruppe utanfor vestkysten av Skottland. Øygruppa er ein av 32 regionar i Skottland.
Øygruppa er ein del av Hebridane som er skild frå det skotske fastlandet av Indre Hebridane og det stormfulle farvatnet The Minch, Little Minch og havområdet kring Hebridane.
Øyane vart kalla Suðreyjar («Sørøyane») under Noreg i om lag 200 år fram til øyane vart overførte til Skottland med Perth-traktaten i 1266 etter slaget ved Largs tre år tidlegare. Øyane vert stundom kalla An t-Eilean Fada eller «Den lange øya», Na h-Eileanan a-Muigh eller «Dei ytre øyane» og Innse Gall eller «Dei utanlandske øyane». Det sistnemnte namnet vart nytta av skottane på fastlandet då Hebridane vart styrt av vikingane.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne