Ytre Oppedal | |||
stad | |||
Ferjekaia på Ytre Oppedal sett frå ferja MF Svanøy, som trafikkerte ferjestrekninga Lavik-Oppedal frå 2000 til 2010
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Gulen | ||
Postnummer | 5961 BREKKE[1] | ||
Preposisjon | i Ytre Oppedal | ||
Ferdselsårer | ![]() ![]() Fv8[2] | ||
![]() Ytre Oppedal 61°03′24″N 5°30′42″E / 61.0567°N 5.51167°E |
Ytre Oppedal er ei bygd og ein ferjestad i Gulen kommune i Vestland fylke. Ho ligg ved Oppedalsvika på sørsida av Sognefjorden, like aust for Risnefjorden. Busetnad og gardsbruk ligg på begge sider av Oppedalselva, som munnar ut like ved Oppedal ferjekai.
Frå Ytre Oppedal kryssar Europaveg 39 over Sognefjorden med ferjestrekninga Lavik-Oppedal. Frå ferjekaia går Fylkesveg 5586 til nabobygda Indre Oppedal 3 km lengre aust, og fortset derfrå vidare austover langs Sognefjorden.
Naustmiljø i Oppedal er kulturminne.