61°6′19″N 5°30′25″E / 61.10528°N 5.50694°E
Ytre Sogn prosti var frå 1819 til 2013 eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.
Prostiet vart skipa i 1819 då Sogn prosti vart delt i to: Ytre og Indre Sogn prosti.
I 2013 vart prostiet lagt ned og sokna overført til naboprostia.[1] Prostiet femna kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Vik og Balestrand. Prosten hadde sete i Lavik.
Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.