Zimmerberg

Zimmerberg og Sihldalen sett frå Felsenegg (april 2010)
Zürichsee og austsida av Zimmerberg (til høgre)

Zimmerberg (769 moh) er eit fjell og ein region i distriktet Horgen i kantonen Zürich i Sveits.

Zimmerberg ligg om lag 15 km søraust for byen Zürich, mellom Langnau am Albis i Sihldalen og Rüschlikon og Horgen ved Zürichsjøen. Frå Zimmerberg har ein utsyn over Sihldalen, Albisåsane, Zürichsjøen og Pfannenstiel.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne