Sør-Holland | |||
Provincie Zuid-Holland | |||
provins | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Den Haag | ||
Areal | 3 418,50 km² | ||
Folketal | 3 577 032 (31. desember 2013)[1] | ||
![]() Zuid-Holland 52°00′00″N 4°40′00″E / 52°N 4.6666666666667°E | |||
Wikimedia Commons: South Holland |
Zuid-Holland (Sør-Holland) er ein provins i Nederland som ligg vest i landet ved kysten av Nordsjøen. Provinsen er den mest folkesette og industrialiserte av dei nederlandske provinsane. Han grensar til Zeeland i sørvest, Noord-Brabant i søraust, Gelderland i aust, Utrecht i nordaust og Noord-Holland i nord.
Her ligg store byar som Den Haag (administrasjonssete) og Rotterdam. Andre byar er Dordrecht, Leiden, Delft, Gouda og Katwijk. Rotterdam har ei av dei største hamnene i verda. Zoetermeer er ein særs ny by og det meste av han vart bygd i 1970-åra. Andre nyare byar er Capelle aan den IJssel, Hellevoetsluis og Spijkenisse, som alle ligg i nærleiken av Rotterdam.
Området er ein del av elvedeltaet til dei to store elvane Rhinen og Maas. Av andre elvar og kanalar i provinsen finn ein Nieuwe Maas, Nieuwe Waterweg, Oude Maas, Haringvliet, Hollands Diep, Oude Rijn og Hollandse IJssel.