Zweitina | |||
زُويتينة | |||
landsby | |||
Zweitina
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Homs | ||
Distrikt | Talkalakh | ||
Nahiyah | Al-Nasirah | ||
Høgd | 420 moh. | ||
Koordinatar | 34°46′08″N 36°14′56″E / 34.76876°N 36.24883°E | ||
Folketal | 1 540 (2011) | ||
Tidssone | EET (UTC+3) | ||
![]() Zweitina 34°46′08″N 36°14′56″E / 34.768761111111°N 36.248830555556°E | |||
Zweitina eller Zuwaytini (arabisk زُويتينة, Zūwaytīnah) er ein liten landsby vest i Syria nær grensa til Libanon og som administrativt høyrer til Homs guvernement. Han ligg opp i eit skogkledd fjell og er ein populær feriestad. Landsbyen ligg mellom 400 og 450 meter over havet. Av stader i nærleiken finn ein Marmarita i nord, al-Huwash i aust, al-Huwash i aust, al-Husn i søraust, al-Zarah i sør, Naarah og Tell Hawsh i sørvest, al-Mitras i vest og al-Bariqiyah i nordvest. Zweitina er kanskje mest kjend for al-Fawwar-kjelda, som har fått dette namnet fordi ho berre sporadisk renn. Det historiske St. Georg-klosteret, eit av dei eldste i Syria, ligg i Zweitina. Han ligg òg like i nærleiken av Krac des Chevaliers, eller Qal'at al-Ḥiṣn.[1] I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CNS), hadde Zweitina eit folketal på 1 540 i 2011. Innbyggjarane er hovudsakleg gresk-ortodokse kristne.