Google Earth er eit program frå Google der ein kan sjå satellitt- og flyfoto frå heile jordkloden. Det varierer frå stad til stad kor bra oppløysning det er på bileta. For til dømes Oslo er det mogeleg å sjå bilar på parkeringsplassar. Best oppløysing i 2005 er det til dømes for Grand Canyon i Sambandsstatane. Google Earth heitte tidlegare Keyhole, men skifta namn då Google kjøpte selskapet.